
Coraline
Animasjon basert på eit arbeid av Neil Gaiman, som dei siste åra har blitt populært nok. Coraline kan til tider minne om ein Tim Burton-film, universet, stilen, til og med musikken av Bruno Coulais er lik Danny Elfman sine bidrag.
Filmen har magi i historia, men får den ikkje for godt fram, det kjennest glattpolert og sjellaust. I blant klarar han å imponere, han har ein del sære figurar og nokon artige vendingar i historieforteljinga. Men mest av alt går det litt seint framover, verken handlinga eller sjølve filmen klarer å skape nok interesse åleine eller i lag. Fin i blant, mest gjennomsnittleg.
For Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com) er dette ei særs vellukka filmatisering, nettopp fordi Henry Selick endrar mykje for å ta vare på hjartet i historia til Neil Gaiman. Det er eit ganske anna syn enn mitt på resultatet. Eg finn fleire fine innslag, men endringane og det sære universet gir meg ikkje den magien omtalen finn. Ei god historie i botnen er ikkje nok når filmen held meg på avstand.
