Animasjon basert på eit arbeid av Neil Gaiman, som dei siste åra har blitt populært nok. Coraline kan til tider minne om ein Tim Burton-film, universet, stilen, til og med musikken av Bruno Coulais er lik Danny Elfman sine bidrag.
Filmen har magi i historia, men får den ikkje for godt fram, det kjennest glattpolert og sjellaust. I blant klarar han å imponere, han har ein del sære figurar og nokon artige vendingar i historieforteljinga. Men mest av alt går det litt seint framover, verken handlinga eller sjølve filmen klarer å skape nok interesse åleine eller i lag. Fin i blant, mest gjennomsnittleg.