Crank og denne oppfølgjaren er rimeleg like, rå og fullpakka av action. Jason Statham er mannen med kunstig hjarte som lev på lånt tid og som stadig må sjokklade seg på høgspentlinjer og liknande.
Crank: High Voltage fungerer makelaus bra til å vere så enkel. Det er nok fordi han er stilmessig gjennomført, han er seriøs, men han tar ikkje seg sjølv for høgtideleg. Han klarar å sjokkere med grove scener samtidig som han gler med andre sprø og grove scener. Jason Statham er no eingong sitt vante seg på film og er typen til å fylle ei så overdrive hard mannsrolle.