
Crash
David Cronenberg tek eit djupt dykk inn i verda til bilfetisjen. Filmen følger James Ballard, ein regissør med eit ope forhold. Etter eit bilkrasj blir han involvert i eit miljø der ulukker og sex er samanknytt.
Det er mykje å sjå opp til her. David Cronenberg har ein kald stil, litt drøymeaktig, og med musikk av Howard Shore som forsterkar stemninga.
Det er litt avstand inn til filmen. Kjensler når ikkje overflata, relasjonane endrar seg forrt og filmen kan repetere seg. Men alt handlar om ulukker og sex, i ulike variantar. Det gir ei ubehageleg oppleving, laga på godt vis. Forteljinga vekslar mellom å vere tankevekkande og litt flat. Ho gjer eit forsøk på å sparke frå seg, men mislykkast noko i å engasjere.
Resultatet blir ei mørk og stilrein. Men noko som saknar meir djupn frå.
Avstanden eg strevar med, er ein viktig del av filmen for Hammy Reviews (hammyreviews.wordpress.com). Omtalen les den kjølege seksualiteten som eit uttrykk for einsemd og keisemd, medan bilulukker blir forsøk på å skape kontakt. Skribenten er langt meir begeistra enn eg er. Tolkinga gir likevel den kalde stilen ein tydeleg funksjon, sjølv om personane framleis ikkje engasjerer meg så mykje som eg skulle ønske.
