
Crash
Etter tre filmar av Alejandro G. Iñárritu har eg minst éin fot innanfor moderne historiemiks. Her kryssar utvalde folk liva til kvarandre i større eller mindre grad, gjerne i ein by. Historiene deler også tema. Crash prøver ikkje å dekke til temaet, som er rasisme, på nokon smart måte, Paul Haggis legg heller ikkje skjul på at han tar eit standpunkt.
Folka som utgjer persongalleriet er blant anna farga politi, kvit politi, rike kvite og fattige, kriminelle svarte. Dette er personar som sjansen er stor for at du har sett like av andre stader tidlegare, så det tar kort tid å komme inn bak personane. Paul Haggis utfordrar ikkje publikummet sitt mykje med karakterutviklinga. Det går stort sett slik me ventar. Fleire av personane blir eindimensjonale og kjedelege i lengda. Andre ser heldigvis alvoret i auga og bidrar til nokre sterke scener.
Ei enkelt scene kan nesten bere heile filmen for Bob Chipman på MovieBob Central (moviebobcentral.com). Han meiner eit seinare forteljargrep svekker nett denne opplevinga, men tilrår likevel filmen varmt. Eg er meir lunken til heilskapen, men kjenner igjen kor mykje dei sterkaste scenene betyr. Når personane elles så lett fell på plass i føreseielege mønster, blir det desto viktigare at enkelte møte faktisk får alvoret til å kjennast.
Saman med ei tydeleg og politisk stemme trekk dette opp for inntrykket mitt omkring filmen, som elles druknar litt i mange store skodespelarnamn og ei standard kryssa blanding av trådar.
