Etter å ha sett tre filmar av Alejandro G. Iñárritu har eg minst ein fot innanfor moderne historiemiks, der skjebnane til utvalte folk i meir eller mindre grad blir kryssa i eit sett miljø, gjerne ein by, og deler tema. Crash prøver ikkje å dekke til temaet, som er rasisme, på nokon smart måte, Paul Haggis legg heller ikkje skjul på at han tar eit standpunkt.
Folka som utgjer persongalleriet er blant anna farga politi, kvit politi, rike kvite og fattige, kriminelle svarte. Dette er personar som sjansen er stor for at du har sett like av andre stader tidlegare, så det tar kort tid å komme inn bak personane. Paul Haggis utfordrar ikkje publikummet sitt spesielt når det gjeld karakterutvikling, det går i stor grad slik som ein forventar, fleire av personane blir eindimensjonale og kjedelege i lengda, andre møter til meir glede alvoret i auga og er med på å levere nokon sterke scener.
Saman med ei tydeleg og politisk stemme trekk dette opp for inntrykket mitt omkring filmen, som elles druknar litt i mange store skodespelarnamn og ei standard kryssa blanding av trådar.