
Crazy, Stupid, Love.
Cal har vore gift i mange år, og lev eit komfortabelt liv kor det å imponere kvinner er det siste han treng å tenke på. Så ein dag vil kona hans skilje seg.
Me møter Cal (Steve Carell), som blir kasta ut igjen på djup grunn i ei verd med stemnemøte. Dette kan han ikkje klare åleine, og får hjelp av ein ny venn, Jacob (Ryan Gosling).
Crazy, Stupid, Love. er ein romantisk komedie, og ein svært vellykka ein. Steve Carell spelar godt og motsetningane mellom han og Ryan Gosling er stor moro, og alt det dei endar opp med å tvinge karakteren Cal gjennom. På sikt navigerer me også den romantiske biten på ein god måte, som gir filmen ei god kjensle og ei meining utover galskapen me får fortalt gjennom stemnemøta.
Bernie Wong på Bernie’s Basement Blog (berniebasementblog.blogspot.com) likar at humoren spring ut av ulike erfaringar med kjærleik, framfor berre store komiske nummer. Han meiner avslutninga blir konstruert, men at varmen rundt personane overlever. Eg er meir nøgd med korleis romantikken finn vegen gjennom galskapen. Det er likevel nettopp denne varmen som gjer at filmen blir meir enn alle dei pinlege stemnemøta.
