Ein vitskapsmann prøver å klone si avlidne kone. Han er rådd over og einsretta. Og han tar på seg rolla som mentor for dei mest talentfulle studentane på universitet der han jobbar. Som ein del av planen om å kunne bruke deira kunnskap og tilgang til sitt eige prosjekt.
Me hoppar inn i historia i byrjinga av eit studieår. Ein ung og lovande student, Boris, blir den neste protesjéen til vitskapsmannen. Utover året utviklar Boris eit forhold med Barbara. Og det er observasjonen av denne utfaldinga som får vitskapsmannen til å styre vekk frå sitt mangeårige syn.
Creator har humor og romantikk, men er litt for banal på ein kjedeleg og lun måte. Eg har sansen for optimistiske vitskapskomediar frå 1980-talet. Weird Science, Real Genius og The Manhattan Project er alle fornøyelege og anbefalt. Creator treff ikkje denne noten. Eg tar aldri Peter O'Toole til meg, og dei andre blir ikkje nok med.
Det er ein kurant film å sjå etter å ha komme meg gjennom så mange andre filmar frå denne perioden, og sånn sett nesten uunngåeleg for meg å støyte på. Men eg er nok alltid på jakt etter det som har ein x-faktor i seg, og det har ikkje Creator.