Creed er umiskjenneleg ein Rocky-film, i alt bortsett frå Sylvester Stallone ikkje lengre er han som boksar. I staden handlar dette om sonen til Rocky-legenda Apollo Creed, som ønskar å skape eit namn for seg sjølv. Han vil så ha Rocky Balboa til å trene seg.
Skulle eg ha gått inn for å kritisere filmen kunne eg ha funne nok av småting å henge meg opp i. Sett forbi rusket, så er dette i stor grad ein fin film og akkurat som forventa. Det er ei blanding av hardkøyr, emosjonelle stunder, trening og kampar. Til samanlikning er dette mest likt den første filmen Rocky i struktur. Men i detaljar, som bakgrunnen til karakterane og sånt, så er det fullstendig annleis.
Det viktige er på plass, god flyt og spenning i kampane som unge Adonis Creed (Michael B. Jordan) kjempar. Etter å ha høyrt eit par meiningsytringar om filmen var eg skeptisk til om Sylvester Stallone skulle stikke av med merksemda, og Michael B. Jordan stå igjen som ei anonym hovudrolle. Men det er ikkje inntrykket eg sit igjen med. Dei har ein fin kjemi og ei god fordeling, der Michael B. Jordan tydeleg er hovudrolla. Han gjer ein betre jobb enn Sylvester Stallone gjer sjølv i dei verste Rocky-filmane, men når ikkje opp til det beste.
Hadde ikkje dette vore ein etterslepar i Rocky-mytologien eller -franchisen, så hadde det ikkje vore heilt det same, men det er framleis ein kurant sportsfilm.