
Crimson Tide
Crimson Tide skildrar spenning om bord på ein atomubåt.
Kaptein Ramsey (Gene Hackman) og hans nye offiser Hunter (Denzel Washington) fungerer godt saman i utgangspunktet, men viser seg etter kvart å ha ulik ideologi. Dette blir sentralt i ein konflikt som utartar seg.
Konflikten handlar om korleis dei skal handtere ordre om å skyte atomrakettar i ei tid med uro i Russland.
Tony Scott har regissert filmen. Han leverer eit høgt tempo og med musikk av Hans Zimmer så blir det god puls. Nerven er til stades frå byrjing til slutt. Det er ikkje berre ulik ideologi, men òg handteringa av militær protokoll som blir diskutert.
Crimson Tide er engasjerande. Gene Hackman og Denzel Washington er solide og truverdige. Eg kan leve meg inn i handlinga. Fleire stader blir ting eller situasjonar sett på spissen. Sjølv om det ikkje alltid framstår som sannsynleg, så er det greitt sidan filmen er så godt etablert. Eg vil seie at dette er ein god thriller.
Josh Zyber på The Video File Blog (videofileblog.com) meiner filmen balanserer velkjend action med eit reelt moralsk problem. Han trekker særleg fram at kapteinen ikkje berre er ein skurk. Avgjerdene hans kjem frå ei overtyding om kva som må til for å verne andre. Det passar med det eg finn engasjerande i konflikten. Eg kan forstå korleis dei to tenker, sjølv når diskusjonen blir sett på spissen.
