Eg såg aldri Crocodile Dundee som barn. Og det er en av dei filmane som eg har bitt meg merke i at eg ikkje så. Gradvis og stykkvis oppsøker eg og ser sånne filmar no i vaksen alder, sjølv om eg ikkje har dei store forventningane.
Og det var for så vidt greit å ikkje ha forventingar til Crocodile Dundee. Strukturen til filmen er for så vidt heilt grei, med dei tinga som skal til for å ha ein kurant flyt frå start til slutt. Det er også utfordringar for både villmannen Dundee, og det urbane alibiet Sue.
Det eg saknar mest her er humor. Komedien som filmen legg opp til er syltynn og føreseieleg. Det er heller ikkje av den sjarmerande enkle typen, som eg kunne ha humra av. Det er rett og slett mest fråverande.
Og utan humor fell mykje av poenget med ein film som Crocodile Dundee vekk for ein vaksen person. Eg vil nok etter kvart hoppe på den andre Crocodile Dundee-filmen på grunn av dei innleiande årsakene, men har ikkje dei store forventningane til han heller.