Hopp til hovedinnhold
Plakat for Crocodile Dundee II (1988)

Crocodile Dundee II

Film
2

Som barn såg eg lite film. Men eg beit meg merke i fleire titlar, som eg har hugsa i ettertid. Crocodile Dundee-filmane er blant dei eg har tenkt på, men ikkje har sett før det siste året. Dette har i stor grad vore styrt av å få ei innsikt i kva dei dreia seg om, utan at eg har hatt dei største forventningane.

Og det var greitt å ikkje ha dei største forventningane til 'Crocodile' Dundee II, for dette er laber underhaldning. I Crocodile Dundee følgde me Dundee gjennom bushen i Australia til New York. I oppfølgaren er det andre vegen, først i New York og deretter i Australia. Komedien i desse filmane bygg stort sett på eit poeng, som er å plassere stereotypar i upassande omgivnader. Det er utført på nedtona vis, enten friviljug eller ufriviljug, og fungerer sånn passe innimellom, men blir aldri nok i det store og heile.

Når heller ikkje eg får inntrykk av at noko står på spel for dei involverte, så blir det berre ei slitsam og ei heller obligatorisk reise for karakterane å følge. Og meir enn det er det vel ikkje å seie om 'Crocodile' Dundee II.

Richard Winters på Scopophilia (scopophiliamovieblog.com) finn meir glede i at Mick må bruke evnene sine enn berre å fortelje om dei. Han meiner oppfølgaren gir figuren noko nytt å gjere, sjølv med tamme skurkar. Eg får ikkje den same spenninga ut av dette. Det hjelper med miljøskiftet og dei små påfunna, men når eg aldri blir uroa for korleis det skal gå, blir turen for obligatorisk.