Crocodile Dundee II - Filmdagbok

Crocodile Dundee II 1988

Som barn såg eg lite film. Men eg beit meg merke i fleire titlar, som eg har hugsa i ettertid. Crocodile Dundee-filmane er blant dei eg har tenkt på, men ikkje har sett før det siste året. Dette har i stor grad vore styrt av å få ei innsikt i kva dei dreia seg om, utan at eg har hatt dei største forventningane.

Og det var greitt å ikkje ha dei største forventningane til 'Crocodile' Dundee II, for dette er laber underhaldning. I Crocodile Dundee følgde me Dundee gjennom bushen i Australia til New York. I oppfølgjaren er det andre vegen, først i New York og deretter i Australia. Komedien i desse filmane bygg stort sett på eit poeng, som er å plassere stereotypar i upassande omgivnader. Det er utført på nedtona vis, enten friviljug eller ufriviljug, og fungerer sånn passe innimellom, men blir aldri nok i det store og heile.

Når heller ikkje eg får inntrykk av at noko står på spel for dei involverte, så blir det berre ei slitsam og ei heller obligatorisk reise for karakterane å følge. Og meir enn det er det vel ikkje å sei om 'Crocodile' Dundee II.