Ein mann med eit antikvariat finn ei mekanisk og organisk sak i botnen av ei statue. Denne er meint å gi evig liv ved bruk, men det følger med nokon dårlege biverknadar.
Samtidig er ein mektig mann på jakt etter saka, og drar eigaren av antikvariatet inn i eit alvorleg oppgjer.
Cronos har mykje godt ved seg. Først og fremst ser filmen bra ut og verkar godt gjennomført, trass i at han samtidig verkar som ein lågbudsjettsfilm. Sånne kombinasjonar får meg til å tenke at dette er ein film som skaparen verkeleg har hatt lyst å lage. Og i dette tilfelle er det Guillermo del Toro.
Så er det noko med mystiske saker med overnaturlege konsekvensar som er tøft, spesielt når dei går hand i hand med blod, levande døde og spansk eller italiensk tale. I dette tilfelle spansk. Grunnen til å nemna italiensk er at dette minner meg litt om stilen Dario Argento har. Cronos på si side er ein meksikansk film, men har mange innslag av engelsk, og har Ron Perlman som spelar en engelskspråkleg fyr med meksikansk namn. Vanskeleg å plassere heilt, men igjen er det noko med denne språkmiksen som får meg til å tenke på dubba italiensk skrekkfilm.
Eg får sansen for Cronos. Men interessa min er ikkje stor nok til at eg sit klistra, og tolmodet min er ikkje på topp heile vegen heller. Det har mest å gjere med at eg likar mystikken og oppbygginga i byrjinga, og er mindre interessert i følgene som blir fortalt seinare i filmen.