Crossroads - Filmdagbok

Crossroads 2002

Skodespelarkarrieren til Britney Spears har på langt nær vore like god som hennar musikkarriere. I 2002 kom filmen der ho spelte si einaste hovudrolle hittil, ein bilturfilm om tre venninner og ein fyr som skal krysse landet.

Filmen floppa og er generelt sett på som ei elendig sak, ei meining eg kan støtte opp under etter å ha sett filmen. Ikkje berre er Britney Spears talentlaus som skodespelar, filmen er eit tåpeleg syn og ei tørr oppleving.

Dei tre unge kvinnene som tek turen er barndomsvenninner som sidan dei var små har gått kvar sin veg. Turen blir til for å bygge opp igjen vennskapen, men også for å ta steget inn i rekkene til dei vaksne.

Det er ikkje så mykje meir å sei enn at denne filmen misbrukar elles gode klisjear, og generelt sett bommar grovt i sitt forsøk på historieforteljing. Produsentane som må ha samla mannskapet bak filmen er nok dei skyldige her.