- Filmdagbok

CrossSnow

Ikkje verst til å vere ein film produsert av vidaregåandeelevar. Litt røff i kantane, men med ei kompakt historie som er lett å følge med på. Og rom for både brutal filmvald og ei biljakt.

Med mange scener frå forskjellige lokasjonar, både inne og ute, verkar heller ikkje filmen avgrensa av budsjettet heller. Som eg vil tru at har vore minimalt.

Eg var førebudd på at dette ikkje kom til å bli det heilt store, men er positivt overraska over at dette fungerte sopass.