Hopp til hovedinnhold
Plakat for Cruella (2021)

Cruella

Film
4

Disneys Cruella tek sikte på å fortelje historia om korleis Cruella de Vil blei som ho blei, og kva livet hennar handla om utanom det som skjedde i One Hundred and One Dalmatians. På ei side er det ei unødvendig tilføring til ein klassisk og god film. Men på ei anna side er det også ein god laga film som engasjerer mykje. Så eg likar det eg ser.

Matt Zoller Seitz på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner også historia kunne ha stått på eigne bein utan koplinga til den gamle Disney-filmen. Han rosar kostyma og dei to Emma-ene, men blir meir sliten av heilskapen enn eg gjer. Det er eit interessant skilje. Me ser begge verdien i mykje av det nye, men eg let meg engasjere sterkare av filmen slik han faktisk er.