Hopp til hovedinnhold
Plakat for Crumb (1995)

Crumb

Film
4

Ein etterlengta dokumentar som absolutt ikkje skuffar. Terry Zwigoff har klart å lage ei ærleg framstilling av Robert Crumb, og får verkeleg fyren til å snakke om alt: Frå fetisjar, haldningar, tvangstankar, sex og sjølvsagt korleis mange av dei mest kjente seriane og teikningane hans har blitt til.

Det blir ikkje lagt skjul på noko her, og intervjua med andre familiemedlemmer er veldig nærgåande. Det eg likar her er at Terry Zwigoff ikkje er med føre kamera, at det er Robert Crumb som er hovudpersonen. Terry Zwigoff prøver ikkje å vere ei dokumentarfilmstjerne som skal få fram hans eigne opplevingar i møte med Robert Crumb.

Rick DeMott på Animation World Network (awn.com) legg også vekt på kor ope Robert Crumb og familien snakkar. Han trekker dessutan fram at andre stemmer får utfordre synet kunstnaren har på sitt eige arbeid. Det utdjupar kvifor denne nærgåande forma fungerer så godt. Terry Zwigoff lèt hovudpersonen få plass, men filmen blir ikkje berre ei framvising på hans premissar. Me får sjå både arbeidet og menneska rundt det.

Dokumentaren er lang, to timar faktisk. Det vil seie at det er tid til å få vist massevis av tidlegare og aktuelt arbeid av mannen med pennen. Lengre dokumentarar kan ofte bli litt trasige å følge, men eg tykte denne klarte å halde interessa oppe heilt fram til slutten.