Cry-Baby - Filmdagbok

Cry-Baby 1990

Eg har ikkje sett Grease. Men sjølvsagt har eg sett klipp frå han, og eg veit kva han handlar om og alt det der. Men eg har aldri hatt spesielt lyst til å sjå filmen.

Cry-Baby fekk eg umiddelbart lyst til å sjå når eg vart obs på han. Parodiera Grease og liknande som han skulle gjera. Dessutan er eg glad i musikalar, etter i mange år ha hata sjangeren som mindrevitande, har eg vorte godt glad i nokon musikalar etter kvart. Gode musikalar gjer meg ekstra glad, det vert så mykje meir fres over sakene med gode songnummer. Men dei må passe inn i filmen.

Cry-Baby er på langt nær den første filmen til John Waters, men det er første møtet mitt med filmskaparen. Og for eit møte. Kvelden eg sette meg ned med filmen på var den rette. Eg var innstilt på god film, og lysta på noko meir enn berre ein enkelt Hollywood-komedie. Denne leverte frå første minutt då han opna med The Bonnie Sisters song Cry-Baby til ein tidsplasserande vaksinasjonssekvens i 1950-talsånd. Her vert både musikkstilen, persongalleriet og ikkje minst humoren effektivt definert. Heilt på kanten av kva eg kan sluka, men aldri for mykje, difor så velfungerande.

Johnny Depp spelar Wade Walker. Wade går under namnet Cry-Baby, her skal eg ikkje røpe årsaka, for som det meste i filmen er det vanskeleg, om ikkje umogleg å attgje det inntrykket dialogane, monologane og songane gjev. Cry-Baby er ein skikkeleg hillbilly og harding med ein gjeng som følgjer. Drapes heiter grupperinga hans og dei er mislikt av den gode sida i lokalsamfunnet, the Squares.

Filmen er ei kjærleikshistorie av ein musikal som involverer ei jente som ikkje er så square som dei rundt seg. Ein Romeo og Julie-sak, med forelsking på tvers av to verder.

Ein klisjé er nemninga på eit utslite utrykk. Det Cry-Baby gjer er at han hentar inn massar av klisjear og pussar dei opp, forsterkar dei og lagar ein artig film ut av det. Lite er nytt, men det er friskt.

Den eksplosive starten allereie under opningssekvensen vart ikkje det einaste av glede i filmen. Løpet vert fullt køyrt ut. Eg vert like glad i karakterane som i musikken då dei aldri døyr ut som stereotypane dei er. Stereotype er vel òg eit noko negativt omgrep, det er sjølvsagt meir ved karakterane enn som så.

Eg klarar ikkje gjera anna enn å skryta av dette. Alt sat som støypt for delen min. Johnny Depp briljerer, Amy Locane som den sentrale kvinnelege rolla forelskar eg meg lett i. Til og med Kim McGuire som den stygge Hatchet-Face var ei like rå dame på slutten som i starten. Eg kan ikkje lova at denne vil falla like i god smak for alle andre slik han gjorde for meg, men rår han til dei som har lyst på ein lett og lystig gladfilm med litt djupn.