Cyberbully - Filmdagbok

Cyberbully 2011

Cyberbully har ein bodskap som er tydeleg, direkte og aldri lagt skjul på. Det hindrar ikkje filmen frå å røre.

Denne tv-filmen har surra og gått på listene mine i Netflix i lang tid. Dårleg rating har fått meg til å styre unna, men ei interesse for tv-film siste vekene gjorde at eg no så filmen. Og han er akseptabel.

Det handlar om ei jente som blir mobba på eit sosialt nettverk tilsvarande Facebook. Mobbinga tar av, og det går ikkje så bra for jenta. Filmen set søkelys på korleis mobbing kan utvikle seg, og kva følger det kan få. Og til slutt kva som kan bli gjort med det.

Dette blir litt som ein informasjonsfilm, men fiksjon og med dramatikk, ei kurant historie og kjente skodespelarar.

Sett forbi den enkle utføringa så går eg god for at denne filmen har ein del viktige poeng. I tillegg sit ein del av tragedien så djupt her at eg tar det til meg. Og dette skal filmen ha skryt for.

For meg har film og serie alltid handla om å vise noko av interesse eller prøve å utløysa kjensler. Kjensler som frykt, glede, noko trist eller irriterande. Eg vil ikkje kalle det manipulasjon, for det kan gi negative konnotasjonar og høyres ut som å lure nokon. Det å få publikum til å reagere er noko ein film gjer openlyst, og bruken av verkemiddel varierer frå direkte til mindre synlege grep. Cyberbully er enkel i stil og brukar svært direkte verkemiddel i form av tårer og musikk.

Men det fungerer altså. Cyberbully blir ingen klassikar, han er litt enkel og innimellom ufrivillig komisk, men totalt sett likar eg filmen.