
Cymbeline
Filmatiseringar av William Shakespeare er filmar eg gjerne styrer unna. Med få unntak tykker eg at desse filmane er kjedelege, spesielt dei som prøver å vere mest mogleg tru mot den opphavlege dialogen, namna og framgangen.
Cymbeline er ein av desse kjedelege filmatiseringane. Eg var ikkje fullt klar over at det var ein William Shakespeare-adapsjon når eg sette i gang, elles hadde eg nok styrt unna. Men då eg først var i gang, såg eg meg gjennom filmen.
Det handlar om korrupte politifolk, kriminelle motorsykkelgjengar og anna snusk. Det er i og for seg greit. Men med språket til filmen og oppbygginga blir det ikkje truverdig. Det einaste filmen i så måte skal få skryt for er å gjere noko annleis. Men det lykkast dessverre ikkje.
Tommaso Tocci på The Film Stage (thefilmstage.com) finn meir stil og stemning i starten, men meiner filmen mistar framdrifta og at fleire av skodespelarane verkar ukomfortable med teksten. Det passar godt med problemet eg har med denne blandinga. Dei moderne omgivnadene og det gamle språket må gi kvarandre noko meir enn ein merkeleg kontrast. Her blir eg oftare merksam på forsøket enn gripen av det som skjer.
