Cymbeline - Filmdagbok

Cymbeline 2014

Filmatiseringar av William Shakespeare er filmar eg gjerne styrer unna. Med få unntak tykkjer eg at desse filmane er kjedelege, spesielt dei som prøver å vere mest mogleg tru mot den opphavlege dialogen, namna og framgangen.

Cymbeline er ein av desse kjedelege filmatiseringane. Eg var ikkje fullt klar over at det var ein William Shakespeare-adapsjon når eg sette i gang, elles hadde eg nok styrt unna. Men når eg først var i gang så så eg meg gjennom filmen.

Det handlar om korrupte politifolk, kriminelle motorsykkelgjengar og anna snusk. Det er i og for seg greit. Men med språket til filmen og oppbygginga blir det ikkje truverdig. Det einaste filmen i så måte skal få skryt for er å gjere noko annleis. Men det lykkast dessverre ikkje.