Ein ung gut som ikkje hugsar anna enn namnet sitt blir funne av eit eldre ektepar. Systemet tar hand om han og plasserer han hjå nokon fosterforeldre inntil vidare. Der oppdagar han og hans verjer etter kvart at han både er lynande intelligent og sterk.
Som sjåar veit me omtrent alt frå starten av, og det som ikkje blir sagt har stort sett blitt fortalt i alle skriv om filmen. Daryl er ei datamaskin, med biologisk kropp og elektrisk hjerne. Hans møter med kvardagslege situasjonar utgjer brorparten av filmen, og plasserer han sin ein smått humoristisk familiefilm. Innleiingsvis og mot slutten er det også ein del spenning, som bilkøyring eller flyging. Ingenting som er for drygt.
D.A.R.Y.L. har sin sjarm. I hovudsak som eit innblikk i dataspel på 1980-talet, stil og tankar om science fiction og teknologi. På langt nær så tøff som WarGames, men likevel innanfor. Og litt sjarm finst også på grunn av den lune humoren. Dette er ein typisk film eg ser for meg er veldig underhaldande for dei som er på alderen til Daryl. Filmar som manar fram sånne tankar appellerer gjerne til barnet i meg.