
Da zui xia
Da zui xiam er ein wushu-film frå Shaw Brothers Studio, og har den engelske tittelen Come Drink With Me. Eg var i humør til å sjå litt klassisk Hongkong-film denne kvelden, og fann filmen på toppen av ei liste over det nokon meinte var dei beste Shaw Brothers Studio-filmane.
Historia er veldig enkel. Leiaren til ei gruppe er tatt til fange. Gruppa tar eit gissel som dei truar med å drepe viss ikkje leiaren deira blir sett fri. Golden Swallow blir sendt i oppdrag for å få gisselet frisett.
Da zui xia klarar seg utan for mykje historie. Det er ein elegant og forseggjort film med imponerande slåstsekvensar og kule spesialeffektar. Filmen er frå 1966, så det handlar mykje om klipping, kameraføring og praktiske effektar.
Dei eldre verkemidla fungerer langt dårlegare for skribenten på Cole’s Little Movie Club (coleslittlemovieclub.substack.com). Omtalen finn klippinga i kampane hakkete og fleire effektar lite overtydande, særleg i samanlikning med seinare kampsportfilmar. Eg opplever dei same enkle midla som ein del av elegansen. Kameraet, klippinga og dei praktiske effektane gir meg mykje å glede meg over, sjølv om filmen ikkje blir ein personleg favoritt.
Av nemneverdige ingrediensar har filmen ei kvinneleg hovudrolle, ein full wushu-meister, slåsting i eit tempel, god bilde- og lydkvalitet, godt bygde sett i studio og mange utescener. Det er med andre ord ein god produksjon som ikkje manglar på noko.
For min del set eg stor pris på filmen, sjølv om han ikkje når opp til favorittfilmen min frå Shaw Brothers Studio som er Shao Lin san shi liu fang.
