Daddy's Home er ein så midt på treet, trygg, føreseieleg og dessverre også kjedeleg film at eg vel å trekke han for det.
I likskap med den andre nylege Will Ferrell-filmen eg har sett siste tida, Get Hard, så er dette blant dei meir humorlause Will Ferrell-filmane. Han er ein komikar eg har sansen for, og det er ikkje alltid resten av filmane treng vere dei beste, så lenge han leverer sitt beste som karakter. Det synst eg ikkje han gjer i Daddy's Home.
Filmen handlar om ein stefar som blir utfordra for sin familie av den biologiske faren til barna. Denne biologiske faren er alt stefaren ikkje er, svært karismatiske, kul, nevenyttig og heldig. Han blir spelt av Mark Wahlberg, eit godt val for ein fyr med utstråling som overlegen.
Det fleste situasjonane er tatt til det ekstreme, men samtidig får eg inntrykk av at filmen er trygg og ikkje tar sjansar. Det er denne kjensla av oppgått terreng kombinert med mangel på god humor som utgjer den svake totalen.