Hopp til hovedinnhold
Plakat for Damage (1992)

Damage

Film
3

Dette var ein vanskeleg film å like, sjølv om han er så godt laga. Det er ei viss kraft i dramaet mellom Jeremy Irons og Juliette Binoche. Men eg blir utsliten av å vere vitne til det som skjer, og må sjå filmen i små porsjonar over fleire dagar.

To menneske møter kvarandre, og lar sine handlingar og behov styre seg. Skade er nærast unngåeleg, det er opplagt frå første stund. Kjensla mens eg såg filmen var ubehageleg. Eg opplevde ei uro.

Juliette Binoche er utspekulert som Anna. Ho er kjøleg, ærleg og får det som ho vil. Ho jaktar det ho vil ha utan tanke på konsekvensar. Jeremy Irons sin karakter let seg rive med, men har seg sjølv å takke.

Måten filmen er laga med musikk, stemning, gode skodespelarar og ein skikkeleg nerve er ting eg ser opp til. Det er ein rå intensitet mellom dei to viktigaste karakterane. Men dei gjer berre skade med vala sine.

Miranda Richardson gjer inntrykk som den svikta kona. Rolla hennar er heilt nødvendig å ha med for at dette ikkje skal bli utelukkande kaldt.

Familien rundt dei to elskande er viktig for at dramaet skal få tyngd. Skribenten på RyMickey’s Ramblings (rymickey.blogspot.com) trekker fram forholdet mellom karakteren til Jeremy Iron, kona og sonen som noko av det mest interessante. Han tykker at desse relasjonane nesten gjer opp for den trege vegen fram til siste del. Eg reagerer meir på ubehaget enn på tempoet, men kjenner att kor mykje filmen treng menneska som må leve med konsekvensane.

Eg vart sittande att med ei uro og litt skuffa over at filmen ikkje evnar å gi noko positivt, men berre vise skade. Kanskje det er poenget. Men avrundinga gav ikke så mykje meining.