- Filmdagbok

Dark Waters

Dark Waters er ein sånn film som får deg til å stille spørsmål ved noko. I kva grad filmen er inne på noko og kjerna i innhaldet er sann. Nok til at ein må søke opp informasjon i ettertid.

Det betyr jo at filmen klarar å engasjere på eit vis. Og han var akkurat det eg håpa han skulle vere, då eg las om kva han skulle handle om, og såg at Mark Ruffalo hadde hovudrolla. Så eg er ganske fornøgde.

Det er eit alvor som tyngar filmen, men også ei nerve og ei oppbygging som fengslar og held på meg. Heller enn å få meg til å slå av filmen, trass i at tematikken jo er ganske dyster. Noko har vel med å gjere at arbeidet advokaten i filmen her gjer, er bygd opp som både ei etterforsking og som ei slags gåte. Og sånt er spennande.

Eg kan anbefale Dark Waters vidare som ein gripande film med giftige kjemikalar som tematikk.