
Das Cabinet des Dr. Caligari
Das Cabinet des Dr. Caligari er tysk ekspresjonisme og ein tidleg stumfilm.
To venner besøker ei utstilling på eit tivoli. Ein doktor vekker ein sovande fyr som kan spå framtida. Den sovande fyren, ei slags zombiesak, spår at ein av vennene snart vil dø.
Neste morgon er denne vennen død. Og eit slags ubehageleg mareritt utfoldar seg, ubehageleg på ein god filmatisk måte.
Kulissene til Das Cabinet des Dr. Caligari bidrar i lag med tung sminke til eit særeige uttrykk og ei heilt spesiell stemning. At dette er stumfilm gjer delar nesten klaustrofobisk, igjen på ein god måte.
Dei skeive husa er meir enn ei innpakking av historia. Chris Edwards på Silent Volume (silent-volume.blogspot.com) skildrar korleis bygningane og rørslene til menneska saman får heile verda til å verke ustabil. Det passar godt med marerittkjensla eg sit med. Han er mindre nøgd med tempoet enn eg er, men måten han knyter kulissene til uroa på, gir det særeigne uttrykket endå meir å spele på.
Historia er god og mogleg å følge, og med ei speletid på litt over 75 minuttar er dette også av passe lengde. Kort nok til at mykje av tida kan bli brukt på det visuelle, og langt nok til at ei historie får plass og blir fortalt.
