
Das Experiment
Basert på ei sann historie, men nokon modifikasjonar her og der. Ein glimrande film som grip tak i deg i 1 time og 50 minuttar. Han har klart å balansere på ei linje mellom å ha for myke og for lite spenning.
Rollane er veldig viktige, ettersom handlinga i filmen er bygd opp rundt eit rollespel, der 21 menneske blir sett i eit fengselseksperiment som fengselsvakter og fangar. Og dei skal klare å halde styr på kvarandre gjennom ein gitt periode.
Dei krevjande rollene får òg ros på Idioti satt i system (nattfallsidioti.blogspot.com). Skribenten meiner skodespelet løftar ei ubehageleg historie om makt og avstraffing, men finn den romantiske sidehistoria påtvinga. Eg er meir oppteken av kor godt spenninga blir balansert, og blir halden fast gjennom heile filmen. Likevel er innvendinga forståeleg. Når eksperimentet i seg sjølv er så fengjande, skal det mykje til før eit sidespor verkar like nødvendig.
