Das Leben der Anderen - Filmdagbok

Das Leben der Anderen 2006

Skepsismen min til tysk storhaustar av filmprisar låg på eit middels nivå og gjorde sitt til at eg ikkje så denne filmen før no. Årsaka var Der Untergang. Urettferdig at eg skal førehandsdømma ein tysk film på grunnlag av ein heilt annan, det ville aldri skjedd med amerikansk film, men slik er det no eingong.

Etter kvar kom eg ikkje unna at Das Leben Der Anderen, eller The Lives of Others, har blitt godt motteken. I håp om å motbevise meg sjølv om at prisvinnande tysk film ikkje berre er film for kritikarar, tok eg sjansen.

Eg angrar ikkje. I Florian Henckel von Donnersmarck sitt DDR-drama følger me hovudsakleg dei to sidene ved overvakinga av forfattaren Georg Dreyman: Personen sjølv og Stasi-agenten HWG XX/7 som får i oppgåve å leie overvakinga.

Dramaet spelar på framstillinga av feilaktig overvaking, humane agentar og andre sider eit politisamfunn kan ha. Mine private kunnskapar om DDR er avgrensa, men filmen fungerte godt på trass av dette. Augene opnar seg litt for kor kaldt staten handlar i teneste av folket. Dette temaet er ikkje berre avgrensa til DDR, og gjer filmen interessant på eit større plan.

Reint meir enn god film var eg ikkje på jakt etter, og Das Leben Der Anderen klarar å vere dette i tillegg til ein vekkar. Ei god og dramatisk kjærleikshistorie midt oppi overvakinga leia av ein delvis sympatisk Stasi-agent, med ei historie som utviklar seg og bygg seg opp så du aldri kan sei med sikkerheit kva som vil skje. Sjølv om dei største overraskingane blir utelatne.