Hopp til hovedinnhold
Plakat for Date Movie (2006)

Date Movie

Film
1

Eg veit ikkje heilt kor eg skal starte, men prøver meg via Scary Movie. Date Movie reklamerer i traileren for at to av seks av mannskapet bak Scary Movie har vore med på å lage denne filmen. Men det vil ikkje seie han er så godt som ein tredjedel av Scary Movie, som heller ikkje er dei beste filmane. For denne filmen feilar totalt på omtrent alle område, historia heng ikkje i ein tråd, og parodiane er mildt sagt grufulle.

Skribenten på No Point Stories About Me (no-point-stories.blogspot.com) peikar på eit grunnproblem ved parodiane. Referansane blir kasta inn utan særleg samanheng med handlinga, og også dei små ideane som kunne ha vore morosame, blir dregne for langt. Det er ei presis forklaring på kvifor filmen kjennest så mislukka. Å kjenne igjen noko frå ein annan film er berre starten på ein vits, og her blir det altfor ofte heile poenget.

Å sei at eg kunne telle på ei hand dei gongene eg lo er å overdrive, eg vil heller sei ein finger. Så, kva trekk denne filmen opp? For eg kan ikkje berre skrive slakt her. Vel, ingenting faktisk, for det er ein PG-13 film, så dei pene damene var ikkje anna enn ekstra dårlege skodespelarar.