Day of the Dead frå 2008 er ei slags attskapning av Day of the Dead av George A. Romero frå 1985. Med ei slags meiner eg både at det er ei noko fri tolking, og at haner dårleg.
Steve Miner har regissert denne filmen, som ser ut til å komme rett på video. Manusforfattaren av denne filmen er same fyr som har skrive Final Destination-filmane, Jeffrey Reddick. Mena Suvari spelar hovudrolla. Namna er på plass, men det lykkast ikkje helt
Handlinga er den at ein by er infisert av eit virus. Militære har sperra av, men nokon irrasjonelle personar vektlegg kjensler framfor fornuft, og ting går då gale.
Det er ikkje den verste filmen i verda, men forventningane var høgare då dette med George A. Romero-tilknyttinga sjåast i lys av hans eigen Day of the Dead, som er ein god film. Og desse høge forventingane gjorde at eg enda opp med å mislike det meste som skjer her. For filmen består av ein del dumme val, karakterane og manus tatt til vurdering. Og med søkelyset på detaljane er det ikkje lett å tilgi desse vala.