Day of the Outlaw - Filmdagbok

Day of the Outlaw 1959

Etter å ha sett ei rekke westernfilmarwesternfilmar frå slutten av 1950-talet den siste tida, så forventa eg ein tradisjonell western frå Day of the Outlaw. Tidlegare har eg sett The Indian Fighter som også var regissert av André De Toth, ein passe normal film. Så forventingane var ein film som ikkje skulle stikke seg ut spesielt.

Med Day of the Outlaw har André De Toth valt å bruke svart-kvitt-film, og å formidle ei alvorleg historie på ein tung og realistisk måte. Eit vis som eg heller hadde kunne forventa meg frå ein western frå 1970-talet enn her.

Filmen er grovt sett ein todelt sak. Første del går føre seg i ei lita bygd i Wyoming. Det er vinter og tøft vêr ute. Ein kvegdriftar er innom. Det er også ein bonde og kona hans. Kvegdriftaren og kona har hatt eit forhold tidlegare. Og det pågår ei konflikt mellom kvegdriftaren og bonden som handlar om piggtråd. Så dukkar brått ein bande med kriminelle opp. Ein gjeng med fæle og uføreseielege folk, leia av ein streng og meir oppegåande eks-militære.

Andre del av filmen er litt kortare, og handlar om ein ridetur i snøen. Snøvêret har sett inn for fullt, og det er farar som står for tur i form av både farlege folk og ein ugjestmild natur.

Day of the Outlaw er dyster i framstillinga. Valet av svart-kvitt-film er utmerka, uttrykket passar innhaldet i filmen godt. Eg må innrømme at eg blei prega av dette, og verkeleg håpa på eit godt utfall for han som er nærast til å vere helten eller hovudpersonen.

Framstillinga av skurkane i filmen balanserer mellom å vere typiske westernkarakterar og fæle folk på ekte. Handlingane dei utfører er brutale. Med andre ord kan eg sei at filmen var god på å få fram det nådelause, både blant kriminelle og naturen i andre del.

Trass i at eg forventa meg ein annan type film, så var eg i rett nok modus til å lene meg tilbake og ta til meg sæpreget og det unike Day of the Outlaw hadde å komme med. Og sjølv om eg ikkje akkurat blei løfta opp av opplevinga, så er det artig å sjå noko litt annleis, og få eit større perspektiv på westernsjangeren.