Catwoman er ein figur som dukka opp i ein Batman-teikneserie i 1940. Sidan har ho gjerne dukka opp i det nye av Batman som har komme, hatt sin eigen teikneserie, og floppa med Halle Berry i Catwoman frå 2004.
I denne kortfilmen frå DC Showcase sprett ho rundt og viser seg fram. Ho har pene former, og det verkar som at det er det viktigaste i denne actionfylte saka. Då historia mest er eit enkelt fartøy for å vise ho fram, kan eg ikkje sei at det er verdt å skrive om. Men for ein fan av dei nyare teiknefilmane til DC er det eit kort og artig avbrekk. Kort er stikkordet, det blir ikkje plass til så mykje fornuftig her.