Hopp til hovedinnhold
Plakat for DC Showcase: Jonah Hex (2010)

DC Showcase: Jonah Hex

Film
3

DC Showcase: Jonah Hex er ein under kvarteret lang animasjonsfilm om DC-figuren Jonah Hex, som er ein kynisk dusørjeger med eit ansikt som er øydelagt på høgre side.

Greia til Hex er at han vernar uskyldige, og i den fortalte historia hemnar Hex ein drepen venn. Det er ei kvinne som latar som ho er prostituert som står bak ei rekke drap, og som blir målet til Hex.

Det er ein tøff liten sak, og Thomas Jane gir ei kul stemme til Jonah Hex. Eg har ingen forhold til denne teikneseriefiguren frå før, og får ingen ny interesse berre av dette. Men eg har sansen for dei nyare filmane til DC, både dei lengre og korte, då dei er gode adapsjonar av kurante historier.

I omtalen av kortfilmsamlinga på Laybourne’s Movie Experience (laybournesmovieexperience.wordpress.com) blir DC Showcase: Jonah Hex trekt fram som kanskje den beste av dei fire. Skribenten rosar særleg dei detaljerte teikningane, animasjonen og stemmeskodespelet. Eg har også sansen for kor stødig denne vesle westernhistoria blir presentert. Det held fint som eit kort møte med figuren, sjølv om det ikkje vekker nokon større interesse hjå meg.