DC Showcase: Jonah Hex - Filmdagbok

DC Showcase: Jonah Hex 2010

DC Showcase: Jonah Hex er ein under kvarteret lang animasjonsfilm om DC-figuren Jonah Hex, som er ein kynisk dusørjeger med eit ansikt som er øydelagt på høgre side.

Greia til Hex er at han vernar uskyldige, og i den fortalte historia hemnar Hex ein drepen venn. Det er ei kvinne som latar som ho er prostituert som står bak ei rekke drap, og som blir målet til Hex.

Det er ein tøff liten sak, og Thomas Jane gir ei kul stemme til Jonah Hex. Eg har ingen forhold til denne teikneseriefiguren frå før, og får ingen ny interesse berre av dette. Men eg har sansen for dei nyare filmane til DC, både dei lengre og korte, då dei er gode adapsjonar av kurante historier.