Hopp til hovedinnhold
Plakat for DC Showcase: The Spectre (2010)

DC Showcase: The Spectre

Film
3

The Spectre er ein av dei mange superheltefigurane du ikkje høyrer all verda om, men som tydelegvis er kjent nok til å få sin eigen kortfilm av DC.

Han er ein superhelt skapt av Jerry Siegel og Bernard Bailey, og har gjerne dukka opp i blada til andre superheltar, som Batman og også i Justice League.

The Spectre si greie er at han har eigenskapane til ein gud. Han kan for eksempel tenke seg til at ein person ikkje eksisterer, og så vil skje.

I kortfilmen DC Showcase: The Spectre blir me i hovudsak kjent med figuren i ei heilt enkel detektivhistorie, som ikkje er verdt å skrive så mykje om i seg sjølv.

Eg hadde ingen kjennskap til denne figuren i forkant, og tykte at DC Showcase: The Spectre var ein grei introduksjon, og ikkje så mykje meir.

Matt Sernaker blir meir nysgjerrig på figuren enn eg gjer. På ComicsOnline (comicsonline.com) rosar han den røffe stilen og meiner kortfilmen gir lyst til å vite meir om The Spectre. Eg får ein grei smakebit, men blir ikkje trekt vidare av detektivhistoria. Som introduksjon er dette nok til at eg skjønar opplegget, utan at det blir ein figur eg kjenner trong til å følge.