Dead Like Me: Life After Death - Filmdagbok

Dead Like Me: Life After Death 2009

Dead Like Me gjekk to sesongar på Showtime mellom 2003 og 2004, den andre blei brått avslutta da sjåartala svikta, så serien fekk aldri ei skikkeleg avslutting. Dette er noko filmen Dead Like Me: Life After Death, som nyleg kom rett på video, har hatt som mål å gjere opp for.

Å samle gjengen fem år etter har tydelegvis vore ei vrien oppgåve, Mandy Patinkin som Rube og Laura Harris som Daisy Adair uteblir, og det merkast. Karakteren Daisy er teke vidare med, men for hardbarka fans av serien blir det aldri det same med Sarah Wynter i denne rolla.

Utan Ellen Muth som George Lass ville dette aldri fungert, for å komplettere universet til serien hjelp det på at roller som mora, søstera, jobbkollegaer og reaper-kollegaer forutan dei to nemnde over alle er på plass med dei same skodespelarane som før.

Introduksjonen av karakterane og den raude tråden til serien er enkel og effektiv. Målgruppa er nok gamle fans, men dei viktigaste poenga er oppsummert innleiingsvis, så nye skal også kunne få glede av dette. Sant glede er å ta litt i, som film er dette svakt, historia som går over ein og ein halv time kjennest som ho er frå ein litt for lang episode, og det sagt av ein som likte serien og kunne ta han som ein episode framfor ein film.

Dei store høgdepunkta uteblir. Det blir ikkje lagt skjul på at det viktigaste her er å styre det mot ein slutt for George og familien hennar, iallfall blir det lite anna som betyr noko særleg utover i filmen. Hovudhistoria handlar om kaoset i reaper-gjengen etter byte til ny sjef, og dette har blitt gått innpå tidlegare i serien, så noko nytt skjer det ikkje.

Som film eller episode er dette på sitt beste rundt middels. Men det ligg ei tilfredsstilling i å endeleg få ein slutt, og når han i tillegg er litt fin, samt gir rom for fleire meiningar, er det eigentleg heilt greitt å ha sett Dead Like Me: Life After Death. Men som film utan samanheng med resten av serien har han lite å stå for.