Hopp til hovedinnhold
Plakat for Dead Men Don't Wear Plaid (1982)

Dead Men Don't Wear Plaid

Film
3

Dead Men Don't Wear Plaid er ein komedie frå 1982. Carl Reiner har regissert og Steve Martin har hovudrolla. Filmen er både ein parodi på og ei hylling til tidlegare film noir og krim. Eg likar det meste Steve Martin har laga, men denne fall ikkje heilt i smak.

Sidan sjølve historia er klassisk film noir, så sløyfer eg alt av handlingsreferat her.

Det som gjer filmen litt uvanleg, er at han vever inn klipp frå heile 19 klassiske filmar. Nyinnspelt materiale med Steve Martin er filma i svart-kvitt. Arkivmaterialet blir slik litt meir saumlaust ein del av ei ny forteljing, sjølv om bildekvaliteten varierer.

Blant dei klassiske skodespelarane finn ein namn som Humphrey Bogart, Ingrid Bergman, James Cagney, Joan Crawford, Bette Davis, Cary Grant og Burt Lancaster. Det er openbert mykje arbeid bak dette. For at det skal flyte så godt saman med manuset til denne filmen som det gjer.

Grepet er morosamt som idé, men parodien får ikkje heilt til den humoren han prøver segpå. For kvart klipp sukkar eg litt, det blir eit avbrot i ein film som kunne ha vore noko betre. Og så går det fort tomt, eller blir brukt opp. Men filmen held likevel på heilt fram til slutten med det.

Marin Mandir på Movie Critic (moviecritic2000.blogspot.com) er òg delt i synet på humoren. Han rosar arbeidet med å få dei gamle klippa inn i ei ny historie, men meiner at fleire av dei grove vitsane bryt med tonen i filmane som blir hylla. For han fungerer samspelet med arkivmaterialet betre enn den nye handlinga. Eg får mindre glede av sjølve klippinga, men kjenner att avstanden mellom ein smart idé og ein komedie som verkeleg fungerer.

Eg gleda meg litt då. Steve Martin kjem ein gong i blant med ein replikk eller hamnar i ein situasjon som faktisk verkar. Men det er ikkje nok til å bere filmen. Når sjølve hovudgrepet ikkje engasjerer, då blir det aldri meir enn midt på skalaen.