Dead Poets Society

Dead Poets Society

Dette er ein film som lovar mykje, men som ikkje innfrir. Byrjinga er langsam, men ikkje av det kjedelege slaget. Både rollebesetning, miljøet for handlinga og den generelle stemninga gav meg i lag med den på førehand leste oppsummeringa av handlinga håp om ei inspirerande forteljing om urettferdig behandling og håp.

Dead Poets Society klarer ikkje å nå dit hen at eg blir inspirert av motet eller rørt av ulykkelege skjebnar. Robert Sean Leonard viser potensiale, elles er det ein bleik gjeng me vitnar. Peter Weir behandlar nok materiale for lett og ei middels filmoppleving speglar dette. Grei, men mangelfull film.

Dead Poets Society (1989) – Filmdagbok