Hopp til hovedinnhold
Plakat for Deadpool 2 (2018)

Deadpool 2

Film
3

Deadpool var ille, mens Deadpool 2 ikkje er fullt så ille. Eg var innstilt på ein mase film med barnsleg humor. Men fekk litt mindre vrøvl enn sist, og ei samanhengane historie. Det letta litt på stemninga og gjorde til at nokon av vitsane tilogmed blei gode. Men det er framleis ei stykke igjen før dette er ein verkeleg god film. Og årsaka til at eg såg han var nok helst at filmen er ein X-Men-film, og låg på lista.

Matt Zoller Seitz på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner filmen veit kva han vil vere, men finn heller ikkje så mykje å hugse utover nokre vitsar, ei stor actionscene og skodespelet. Det liknar mi eiga mellomlanding. Oppfølgaren fungerer betre enn eg frykta, men den stadige kommenteringa og fleipinga gir ikkje automatisk ein film eg blir særleg glad i.