Deadwood: The Movie - Filmdagbok

Deadwood: The Movie 2019

Deadwood er ein HBO-film og oppfølgjaren til serien Deadwood som blei avslutta i 2006. Handlinga går føre seg om lag ti år etter serien. Mange av dei sentrale karakterane er med, i ei handling som involverer senator George Hearst.

Byen Deadwood har blitt noko større og meir sivilisert, og velstanden er høgare enn han var tidlegare. I tillegg har byen blitt ein del av California i USA. Det er framleis den ville vesten, men ikkje så vill som tidlegare.

Filmen tar seg god tid til å bygge opp til det som skal bli den viktigaste delen av historia. Det verkar ei lita stund som om det ikkje er noko retning, men samtidig er eg sopass interessert i karakterane, miljøet og gjensynet at eg sit tolmodig og ventar. Og utan forventingar på førehand heller så trengte ikkje filmen å levere ein raud tråd frå første minutt.

No er det sju år sidan eg såg serien, og eg hugsar ikkje alt som skjedde. Men eg hugsar inntrykket serien gav, og her følger filmen opp bra. Dette blir som å sjå ein ekstra episode, og ein god ein soleis. Ein som fungerer fint på eiga hand, og som heller ikkje prøver å vere noko ny avslutting på serien. Men berre eit framhald.