Dear John - Filmdagbok

Dear John 2010

Ein fyr er heime på permisjon frå militæret, og blir på kort tid forelska i ei jente som også blir forelska i han. Då han reiser tilbake byrjar dei å skrive brev. Innimellom dette er det mykje kjærleik, og nokon andre seriøse tema.

Dear John er den første filmatiseringa til Lasse Hallström av ein Nicholas Sparks-roman. Den andre er Safe Haven. Begge to er gode, sjølv om eg held ein knapp på sistnemnte. Dear John er ei sterk skildring av kjensler som blir skilt ved avstand, og brukar også tid til å forsterke avstanden. Utgangspunktet for John (Channing Tatum) og Savannah (Amanda Seyfried) er alltid håplaust, og historia byggjer på poenget om at desse elles er som skapt for kvarandre.

Det største minuset med Dear John er at filmen ikkje vinn fram i samanlikning med dei beste Nicholas Sparks-filmatiseringane. Bortsett frå dette er eigentleg filmen ein habil sak, med fin romantikk, trist tragedie, stemningsbyggande musikk og mange poeng som spelar på kjenslene. Det skjer litt for lite ei god stund, som også er med å trekke litt ned, men eg har sansen for måten filmen rundar av på. Det vil sei den siste halvtimen eller så.

Du ser denne filmen først og fremst om du likar melodrama, og ikkje har forventningar til at filmen er noko utover det du les han er. Men at han er, det han er, som er bra.