Ei ung kvinne får eit brev i ansiktet av vinden. Brevet er brevet til eit barn sendt til julenissen. I brevet er eit ønske om at hennar far som er enke, skal møte ei dame som kan erstatte mor hennar.
Den unge kvinna er spela av Amy Acker, og all glede og triste stunder i filmen er som følger av hennar gode skodespel. Eg har høyrt ein gong at godt skodespel ligg i uttrykket i augene, og det stemmer godt her.
Eigentleg så er det så bra at det er nok, sjølv om resten av filmen er ei passe tynn suppe. Det er ikkje å forvente at ein film laga primært for visning på tv skal ta av, og sånn sett er det ein grei og midt på treet film. Eg har stort sett lært meg å forvente mest av hovudrolla, og lite av apparatet rundt. Her stemmer det sånn passe, for samspelet mellom Amy Acker og den unge jenta som skreiv brevet til julenissen er fint.
Med det har eg i grunn oppsummert det beste. Filmen har ei romantisk historie som han sentrerer seg rundt, og denne historia er heilt grei. Motspelaren til Amy Acker her er ein anonym fyr som ikkje er verdt å sei så mykje om.
Sjølv om eg hittil i år har likt julefilmane eg har sett overraskande godt, så har eg vanskeleg for å anbefale dei. Eg ser for meg at få vil ha glede av det enkle og typiske som jule- og tv-film byr på. Men etter å ha tråla meg gjennom nok dårlege julefilmar tidlegare år, så er dei romantiske komediane og drama eg ser i år ypparlege.