
Death of a President
Dette er ingen dokumentar, men ein rein fiksjonsfilm som bruker dokumentariske verkemiddel som intervju, overvakingsfoto og stillbilde for å få fram bodskapen sin. Den er ikkje ein anti-George W. Bush eller anti-amerikansk film, men heller ørlite meir mot sympati for den døde presidenten. Naturleg nok, sidan det er eit drap som er tingen her, og ikkje berre politikken til fyren. Men stort sett verkar filmen sett med eit filmdokumentarisk blikk rimeleg balansert.
Han er faktisk spennande, får fram kjensler. Det verkar ekte, faktisk meir enn andre amerikanske kinodokumentarar eg har sett på enn så lenge, men eg har ikkje sett så mange heller. Det er eit interessant konsept, som eg håpar ikkje blir gjenstand for ei ny bølge innan film, for noko fakta får eg ikkje ut av det. Å stille spørsmål som kva viss det og det hadde skjedd er spennande, men eg sjarmen blir borte om konseptet blir utvatna.
Dei oppdikta intervjua overtyder også skribenten på Films to See in NYC (films2see.blogspot.com), som likevel synest dei etter kvart flyt saman og blir keisame. Der opplevde eg filmen annleis. For meg skaper dokumentarforma både spenning og kjensler, sjølv om innhaldet er fiksjon. Men innvendinga viser også kor avhengig dette grepet er av at me let oss trekke inn, framfor berre å registrere ei rekke truverdige intervju.
Det er å satse høgt når ekte personar som George W. Bush og Dick Cheney blir brukte saman med oppdikta karakterar i Secret Service og elles. Men det er eit autentisk preg over det heile. Eg likte det.
