Death Proof - Filmdagbok

Death Proof 2007

Death Proof er første film i den tenkte doublebillen Grindhouse. Regissert og forfatta av Quentin Tarantino. Med Kurt Russell, Rosario Dawson og Vanessa Ferlito som nokon av stjernene.

Det er gamle B-filmar som er brukt som inspirasjon for denne og Planet Terror. Filmen handlar kort sagt om pene damer og ville stunt, men dei som kjenner Quentin Tarantino veit at det òg vil vere mykje god dialog her. Deler av dialogen kunne me ha blitt spart, for Death Proof blir litt for mykje show off av Quentin Tarantino si nerdekunnskap enn underhaldning i store deler av filmen. Folk går mykje rundt utan mål og meining.

Etter kvar blir Death Proof ein film med meir meining, som absolutt fortener godsnakk. Vill bilkøyring dominerer. Death Proof endar overraskande med å glede meg ganske mykje til slutt, den kravde berre litt ekstra konsentrasjon og tolmod i starten.