Death Wish

Death Wish

Eg gjekk til Death Wish med nesten ingen forventningar, forutan framsyninga av Charles Bronson visste eg lite handfast. Og Charles Bronson kjenner eg mest på namnet. Grunnen til at eg kom over filmen var mine møter med Rambo og den vesle likskapen desse har under nemninga av å vere one man army-filmar.

Det er med andre ord ikkje overraskande at dei nesten ikkje-eksisterande forventningane mine var at Death Wish skulle vere ein meir reindyrka actionfilm. Tidleg på 1970-talet som me er var politifilmar som Dirty Harry og Paul (Charles Bronson) minner meg litt om Harry. Begge er rå med pistolen i handa og gjer samfunnet ei teneste. Paul er derimot ingen politimann, men ein arkitekt som etter kona si død tar lova i eigne hender. Politiet følger like i hælane og media er på saka, så det kan seiast at filmen ikkje berre handlar om å vise blod.

Eg blei imponert over retninga filmen tok, så mykje tid som blir brukt til å bygge opp rundt Paul som karakter (på ein god måte) og at den framleis er blodtøft. Mykje av æra gir eg Charles Bronson, han passar perfekt inn her. Death Wish er kanskje ingen klassikar og byr heller ikkje på minneverdige scener. Som underhaldningsfilm er han derimot upåklageleg, og har tålt sine 33 år godt. Morosamt er det å sjå Jeff Goldblum dukke opp i ei lita rolle i det som er debutfilmen hans.

Death Wish (1974) – Filmdagbok