Decision at Sundown er ein tilsynelatande rett fram western med tanke på oppbygging og element som blir brukt til å fortelje historia, men som ofte vel å gå eigne vegar innanfor desse rammene.
Etter om lag 30 år i filmbransjen var Randolph Scott i ferd med å avslutte karrieren. Decision at Sundown er ein av dei siste filmane hans, men ikkje den siste. Han hadde framleis nokre få år igjen før han pensjonerte seg, og aldri spelte i ein film igjen.
I denne filmen kjem han som Bart Allison ridande inn til ein liten by. Han har jakta på Tate Kimbrough (John Carroll) i tre år, og har endeleg funne han i byen Sundown. Bart skal drepe Tate, og på dagen han har komme til byen skal Tate gifte seg.
Utan å gå vidare inn på historia kan eg avsløre at me etter kvart får vite meir om årsakene til at Bart skal drepe Tate. Og det at Bart kjem til byen set også endringar i gong hjå innbyggjarane, som ikkje likar Tate så godt.
Filmen verkar enkel på overflata, og eg trudde ei god stund at dette kom til å bli ein western slik eg har sett dei mange gonger før. Men heldigvis vel filmskaparen å gå eigne vegar ofte nok til at det blir både nytt og interessant nok. Historia til karakterane blir viktig, og psyke spelar inn.
Utover det å vere ein solid film, så er det ikkje så mykje meir å sei om Decision at Sundown. Han når ikkje opp til klassikarane, men eg er likevel fornøgd med valet.