Dedication - Filmdagbok

Dedication 2007

Dedication fekk meg til å tenke på filmar som Garden State, The Squid and the Whale og Lonesome Jim. Slike som går i sitt eige tempo, har nokon djupsindige og uforståelege karakterar og gjerne tyr til det som blir kjenneteikna som melankolsk pop og -rock. Ein fin tanke, eg er glad i denne type film med denne type musikk og denne type karakterar, så Dedication skulle jo helst ha gått i boks.

Problemet er, for det er eit problem, eller i det minste vil eg at det skal vere eit sånn at eg kan bruke det som argument til kvifor Dedication ikkje nådde toppen, at dette blir for uklart. Utan at eg kan legge fakta på bordet for å stadfeste framstår Dedication som ein kopi av Garden State som om dei følger same oppskrift. Dei rette tinga er til stades og eit utval av sekvensar får det til å dunke litt i brystkassen, men kjensla av at nokon har lagt sjela si i dette, som Noah Baumbach gjorde i nemnte The Squid and the Whale, er ikkje til stades.

Dette til sides, Dedication er ein fin film, med fin musikk og fine Mandy Moore. Her er innslag av lekkert foto og hovudpersonen Henry (Billy Crudup) er fleirdimensjonal nok, i tillegg til utvalet av hjartefølte sekvensar som nemnt over. Problemet er at filmen som heilskap aldri klarar å gripe tak i meg. Starten fekk lide under dette då det tok meg ein halvtime før eg brydde meg spesielt om handlinga og karakterane.

Halvhjerta forsøk på å skape ein fin og noko spesiell film innan ein sjanger der det må meir originalitet og betre utføring til for å skilje seg ut. Blei det for mykje nemning av namn her så er det berre å beklage.