Delhi Belly stod på programmet til filmfestivalen Katakombefilm 2013. Det er en indisk actionthriller og komedie, som kan bli samanlikna med stilen til Lock, Stock and Two Smoking Barrels. Det er på sin plass, for filmen har både dristig innhald, er valdeleg, kjapp og morosam.
Filmen er indisk, men ingen tradisjonell Bollywood-sak med musikknummer og ei speletid på over tre timar. Delhi Belly kunne med sine 100 minuttar og streite oppbygging gått for å vere ein typisk vestleg film.
Filmen kan trygt anbefalast, uavhengig av nasjonalitet er dette blant det beste innan sjangeren eg har sett frå hittil i 2013.